Uskedal Friluftslag er alt i gong med loddsalg til det tradisjonsrike vedlotteriet på nettet. Laurdag frå kl.11 og utover ettermiddagen vil representantar frå laget vera på plass utanfor SPAR Uskedalen for å selja lodd. Der kan ein betala både med vipps til nr. 60 55 65 og med kontantar. Dette årvisse lotteriet er blitt svært populært. Mange vil nok freista lukka for å sikra seg vinterveden, men endå fleire kjøper nok lodd for å støtta det gode og synlege arbeidet som friluftslaget har gjort på Stemneplassen dei seinare åra. For friluftslaget er inntekta frå lotteriet heilt avgjerande for drifta av Stemneplassen.
Lodda kostar 100 kr, og gevinstane er som vanleg 15, 10 og 5 sekker god ved. Viss ein ikkje har høve til å komma til SPAR på lørdag, kan ein sjølvasagt likevel kjøpa lodd ved å vippsa til 60 55 65, og så vil kasserar Jofrid føra det inn i loddboka.

Mykje lettlesen nyare Uskedalshistorie.

Samstundes vil ein kunna kjøpa bøkene i den populære Uskedalsserien “Den nære fortida”. Historielaget har vore i arkivet og henta fram nokre bøker som var tenkt for arkivering, og dermed er framleis alle tre bøkene i salg. Det er snart tomt for bok 1.
Framleis kan ein derfor nytta seg av tilbodet å kjøpa alle 3 bøkene samla for 600 kr. Elles er prisen pr. bok 300 kroner. På standen kan ein betala med vipps eller kontantar, og om ein ønskjer det kan ein få boka signert. Vippsnummeret til Uskedal Historielag er 76 38 03. Bøkene kan sjølvsagt også kjøpast om ein ikkje har høve til å komma på standen laurdag. Her i Uskedalen sel både Spar Uskedalen og Rabben Feriesenter bøkene. Dessutan kan ein alltid ta kontakt med skriftstyret på mobil 932 88 237 eller epost uhl.skrivar@gmail.com. Om ein ønskjer boka tilsendt, kjem 90 kr i tillegg. Hugs alltid kva bok/bøker det gjeld, og fullstendig namn og adresse.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto.