Uskedal Friluftslag startar opp ein ny runde med sal av lodd til vedlotteri som vil trekkjast før sommaren set inn for fullt. Tirsdag vil loddseljarar vera på plass utanfor SPAR Uskedalen frå kl.11 og nokre timar utover der ein kan betala både med kontantar og vipps. Som tidlegare er det 3 gevinstar på henholdsvis 15, 10 og 5 sekker god ved. Lodda kostar også i år 100,- kr pr. stk. I tillegg til loddsalg ved Spar, kan det alt no også kjøpast lodd ved å vippsa 100 kr pr. lodd til Uskedal Friluftslag,  60 55 65 eller betala til konto: 3460.07.53659. Hugs å merka med “lodd”. Inntekta går til drift av Stemneplassen der det er gjort svært mykje godt arbeid dei siste åra. Dette gode arbeidet ønskjer styret å halda fram med.
Samstundes som det er loddsal, vil også Uskedal Historielag selja både bok 1 & 2 i serien “Den nære fortida” med nyare Uskedalshistorie. Her kan det også betalast med kontantar eller vipps til Uskedal Historielag, 76 38 03. Bøkene er også til salgs inne i butikken, og dei populære bøkene har m.a. vist seg som eit særs vellukka gåvealternativ til utflytta uskedelingar. Ved betaling med vipps er det fint om de skriv kva for ei bok de kjøper.

Dersom vergudane ikkje er i godlag, kan denne salgsstunda utanfor SPAR bli utsett til dei er i betre lune.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto