Vedlikehald og renovering vindaugo Uskedal kyrkje.
Nokre har truleg merka seg at det er montert plater på to vindaugo på Uskedal kyrkje. Det er på drevsida mot vest. Dette er eldre vindaugo med treverk som delvis er rote, noko som fører til lekkasje. No er vindaugo tekne ut og komen på verkstad for renovering. Helge Furdal frå Kyrkjekontoret er handverkar. Han skifter ut det som er rote, pussar ned og gjer klar for måling. Arbeidet er rekna å ta nokre veker. I denne omgang gjeld det to stk. vindaugo. På sikt må det same gjerast med fleire vindaugo, særleg på sida mot vest.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kvinnherad kyrkjekontor