
Ved for oppfyring i gapahuken på Skårhaug.
Gapahuken på Skårhaug vart i si tid bygd, særleg med tanke på barnehagen og skulen. Treteltet med ovn er ope for alle og kan brukast til ulike samlingar. Audun Eik frå styret i Friluftslaget har køyrd ved på plass og lagt inn i gapahuken. Med dette kan det fyrast i ovnen, men ver varsam og sjå til at alt er sløkt før de forlet plassen. Dette er eit gratistilbod. Dersom du likevel vil betala litt for ved og bruken, VIPPS til Uskedal Friluftslag: 605565 – merk bruk av gapahuk.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal