På grunn av arbeid på hovudvassleidningen nedanfor Bjørgulv Eik vert abonnentane på Eik og Steinsletto utan vatn frå kl.13 i dag. Arbeidet er planlagt å vara i 4 timar.
Etter at arbeidet er utført, blir det utspyling i Børnes for å unngå at desse abonnentane får skit i røyrsystemet inn til husa. Derfor rår leiar i Uskedal vassverk, Hans Reidar Kjærland, dei til å venta med å bruka vatnet til dette er gjort.

tid/Foto: kob.