Uskedal Vassverk melder at vatnet vert stengd i morgon, onsdag 8. november, frå kl. 09.00. Årsaka er utbetring av vasslekkasje ved løa der Olga Arnesen bur. Vasstenginga gjeld for alle som bur langs vegen frå nedkøyrsla til Beinavikjo, ned og opp langs den grusa vegen. Det er ikkje sagt noko om kor lang tid det tek med å utbetra skaden.

kb