Dette er eit varsel frå Sunnhordland Karaftlag ( SKL ) til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt i område rundt Mannsvatnet. SKL gjer merksam på at skifte i veret gjer at snømengda og situasjonen er i endring veke for veke.

På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar men det kan òg førekomme andre plassar på vatn. Me vil òg minne om at det i reguleringssona kan liggje att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.

Opne råk kan vera eit problem, her frå den siste råka som vart registrert i vinter.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Steinar Haugland/ Knut Inge Eidsvik