Den årlege skituren frå Tveitedalen til Ulvanoso går sundag 11. april. Turleiar er Kjell Yri og Jarle Røstbø. Frammøte ved Ternebu kl. 09.30. Turen vert rekna til vanskegraden middels. Det er gode vermeldingar og med nysnø dei siste dagane, kan deltakarane rekna med å få oppleva vårens vakraste skieventyr til toppen på 1246 meter over havet. Denne turen samlar til vanleg deltakarar frå heile Sunnhordland.

Mange har vore med på denne turen før. Fyrste etappe går til fots til Dyrrindo. Snøtilhøva avgjer om ein må gå noko lenger før skia kjem på. Etter ei litt bratt oppstiging flatar det ut og du kan nyta turen i jevn stigning med Kapuso og Høgetinden langt framme. Mange har på feller.

Det er til vanleg lagt inn mat- og drikkepause i Snøholo, før ein på nytt legg ut på den siste etappen fram til toppen, på kartet kalla Høgeteen. Med den snømengda, som er i år, er varden godt synleg. På toppen er det eit imponerande syn inn i kvinnhersalpane, mot Englafjell, Manen og Etne- og Saudafjella i sør.

Varden er truleg godt synleg i år.

Det mest spektakulære er likevel å sjå gardsbruka og husa på øvre Musland. Dersom det er tid til det, kan det vera flott å ta turen ut på Øktardalsnuten og Litlenuten.

Langt der nede ligg gardstuna på søre Musland

Tilskipar er Kvinnherad Turlag i samarbeid med Bergen og Hordaland Turlag. Turen er gratis for medlemer i Turlaget. Ikkje medlemer: kr. 100,-.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Arkivfoto frå mai 2010.