Vardebrenninga i Uskedalen i dag går etter oppsett plan. Det er tredje gongen i moderne tid at det vert tend varde på Skorpo. Det var i 1972 i samband med EU røystinga. Så var det ved tusenårskifte år 2000. Oskar Langballe var med i 1972. I år 2000 var han bortreist. Ansvarleg den gongen var mellom anna Kjell Yri og Åse Neset Myklebust. Bilete syner plassen der markeringa er i kveld.

Bilete syner ein liten varde mot Hardangerfjorden. Plassen i kveld er på ein knaus mot Uskedalen.

Oskar Langballe fortel til uskedalen.no at han alt har vore på Skorpefjellet to gonger med turr ved. Straks han kjem heim frå arbeid i dag, går han til brennplassen og gjer klart for tenning kl. 18.40. Han brukar den same plassen og den same tunna som vart brukt ved tusenårsskifte, ein knaus mot Uskedalen nokre hundre meter frå sjølve steinvarden. Varden vil brenna om lag ein time.

I 1972 var mellom anna Hallvard Døssland med på brenninga, truleg i regi av Bondelaget og aksjonsgruppa Nei til EU. Vi spør: Kven andre var med i 1972 ?

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal