Brørne Stian og Tor Ove Haugland har vore i Tyskland og henta ut ny traktor frå John Deere fabrikken i Mannheim. Med dei på turen var naboen Pål Ingmar Haugland og seljar Roar Gundegjerde frå Etne. Tor Ove fortel til uskedalen.no at traktoren var bygd helga før dei kom ned og hadde vore gjennom ein ekstra test og kvalitetssjekk. Dette gjeld for alle Gold Key traktorar samt for kvar 10. på bandet. Då dei var på plassen vart det laga 213 traktorar. Alt kl. 11 på dagen var talet oppe i 50 traktorar. Det var to skift i arbeid frå kl. 06.00 på morgonen til kl. 23.00 på kvelden. Produksjonstida låg på 4 min 20 sek mellom kvar ny traktor. Målet deira var 3 minuttar, slik det var før pandemien. Turen vart avslutta med overrekking av “gullnøkkelen”.

Gullnøkkelen til den nye traktoren til Haugland Mjølk og Maskin.

Delegasjonen frå Uskedalen fekk sjå heile produksjonslinja for traktorar i uilke storleikar, frå 90 til 300 HK. Straks etter frukost var det rett på med informasjon om Deere & Co frå dei starta i 1837 og fram til i dag. Fabrikken i Mannheim overtok dei frå Heinrich Lanz i 1956. I dag produserer dei om lag 41000 traktorar i året, for eksport ut i heile verda. Så var det tid for synfaring, alt frå transmisjonsavdelinga der dei fekk sjå produksjonen av tannhjul og deler til montering av gir og bakakslingane.

Etterpå gjekk turen til monteringshallen der motorane kjem inn frå fabrikken i Saran i Frankrike og vert montert på ramma. Førarhuset, som vert laga på fabrikken deira i Bruchsal, vert sett nedpå omlag halvvegs på ferda ned samlebandet. Til slutt er det olje, disel og test, før traktoren vert starta og køyrt på bremsetest. Ein nyttar mykje lektertransport på Rhinen fram til vidare utskiping.

Museumsbesøk høyrer med. Her fekk dei sjå alt frå den fyrste plogen frå 1837 og fram til nyare tid, medrekna Lanz traktorane som vart produsert fram til 1956. Etter nesten 5 km vandring var det middag i kantina og møte med utviklingsavdelinga. Stian og Tore Ove hadde med innspel til vidare utvikling av denne traktoren. Det er spennande å fylgja med om nokre av innspela deira kjem med i det vidare arbeidet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto:  Deere & Co