Det har vore vanskeleg for fotgjengarane dei siste dagane. Ved brøyting vert det kasta snø opp på gangvegen. Den ligg til traktor kjem og brøyter gangvegen. Det er vanskleg med å koordinera brøytinga på hovudvegen og gang/sykkelvegen. Fyrst kjem brøytebilen på fylkesvegen. Så, etter si stund, kjem traktor på gangvegen. Så langt er alt ok, men så ved finbrøyting av hovudvegen, vert det på nytt kasta snø og isklumpar til sides og opp på gangvegen. Dette gjentek seg fleire gonger. Der ofte hovudvegen er fint brøyta, er det vanskleg å ta seg fram for fotgjengarane. Dette innlegget er ikkje meint som klage. Stoda er slik då det tilsynelatande ikkje er ein samordna arbeidsoperasjon.

Oppdatering: Brøyting på gangvegen frå Grano til Korsneset vart gjort i dag, om lag kl. 13.00

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat