Valkampen er igang. AP med stand i Uskedalen i dag.
Kvar laurdag fram til Kommunevalet kan vi rekna med partistandar ved SPAR. Fyrst ute er Kvinnherad Arbeidarparti med fire listekandidatar på plass med valprogram, kake og kaffi. Nummer seks på lista er Bjørn Olav Tveit frå Uskedalen. tidlegare rektor på Rosendal og Malmanger skule, no tillittsvald i Undervisningsforbundet. Han var med på standen i dag. På bilete ser vi f.v: Per Harald h. Løfgren Johannsen ( nr. 2 ), Reidar Inge Solheim ( nr. 23 ), Bjørn Olav Tveit ( nr. 6 ) og Øyvind Hardeland ( nr. 4 ). I det korte møte med listekandidatane kom desse lokale sakene fram i drøftinga:
- Planarbeid med områdeplan for Uskedalen, strandsoneplan og arealdelen i Kommuneplanen
- Korleis koma seg vidare i reguleringsplanarbeidet på Børneset Næringsområde.
Arealdelen i K. planen må truleg ut på ny høyring. Til no har det vore lite engasjement frå Uskedalen. Dersom ny høyring vil ein framleis kunna få fram gode synspunkt og framlegg til endringar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal