Valfunksjonærane frå Uskedalen gjer si samfunnsplikt.
Uskedalen høyrer til Rosendal valkrins. Hovudrøystinga går over to dagar, i dag ( sundag ) og i morgon. Fram til fredag har det vore førhandsrøysting, på Biblioteket, Rådhuset og på Bokbussen. Så langt har det vore god interesse for Stortingvalet. Mange har nytta høve til å røysta føråt.

Av åtte valfunksjonærar i Rosendal finn vi Thor Inge Døssland og Åse Neset frå Uskedalen. Helga Fossheim, fødd og oppvaksen på Musland, er også med. Ho bur på Seimsfoss. Arve Lunestad er leiar for gruppa. Lars Nes er fagleg ansvarleg.
Thor Inge Døsslnd fortel til uskedalen.no at det har vore jamnt godt frammøte av røysteføre personar i dag. Det er fyrste gongen Thor Inge er med. Han synst det er interessant å få innsyn i systemet og korleis det heile vert gjennomført. Ved rotasjon tek alle del i dei ulike oppgåvene.

Røystinga vert avslutta i morgon. Vallokalet er ope frå kl. 10.00 til kl. 19.00.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arve Lunestad