Er du mellom 21 og 70 år kan du melda deg som aktuell kandidat for å vera meddommar i tingretten, lagmannsretten eller jordskifteretten. Det er kommunestyret som gjer endeleg val. Med bortfall av juryordninga fungerer tingretten og lagmannsretten om lag på same måten. I tingretten er det tre dommarar, – ein fagdommar og to lekdommarar. Den tiltalte møter med forsvarar. Politiet møter med aktor. I nokre saker er det bistandsadvokat. Den som vert meddommar, må rekna med å møta i retten 2 – 3 gonger i året. Rettsforhandlingane går til vanleg over 1 – 2 dagar, som oftast på Leirvik. Større saker over lengre tid går ofte i Haugesund. Lagmannsretten går i Bergen. Alle saker startar i tingretten før evt. anke til lagmannsretten. Ved innkalling må du stadfesta at du møter. Du skal ha gode grunnar for å få fritak. Dersom du er interessert, meld deg til Kvinnherad kommune. Å vera meddommar er på mange måtar ei samfunnsplikt. Det er lærerikt og du får eit innsyn i samfunnslivet som du elles ikkje ville fått.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Haugaland og Sunnhordland tingrett