Vaksenopplæringa i Kvinnherad legg Haugland skulemuseum inn som eit fast besøksmål i innspurten på skulerået. Elevane i år kom frå Ukraina, delte inn i to grupper ut frå kor langt ein er komne i norskopplæringa. Norsk og samfunnskunnskap er sentrale. På Haugland handlar det meste om norsk kulturhistorie med vekt på skulen si utvikling dei siste 100 åra. Særleg interessant er det å få fram kva som er likt og kva som skil skulen i Ukraina og i Noreg. Mange kjenner seg att i mykje av det som vert formidla på skulemuseet, særleg for dei som kjem frå mindre bygder. Kontaktlærar var Birte Bruvik og Kristin Strand.

Ei av to grupper samla ved den nyrestaurerte porten – skulemuseet i bakgrunnen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal