VAFFELSØNDAG i Vonheim – oppe i dalen i Uskedalen, i morgon søndag 23.juni 2024 frå kl 12.15 til kl 16.00. Nysteikte vafler, kaffi, te, saft og kaker vert servert. Og desse kan du nyte både inne i Vonheim, og på uteområdet rundt Vonheim og kommunen sitt Skulemuseum. Skulemuseet er også ope. Så der kan du kikke inn, sette deg ned på dei gamle autentiske pultane og oppleve kjensla av kontakten med “gamle dagar.”

I parken rundt skulemuseet er det fint å leike og berre “å vere”, for både store og små. Vi brukar å ha ein vaffelsøndag på våren, ein på sommaren, og ein om hausten. I år måtte vi utsette den første, då det har vore så mykje anleggsaktivitet på området dei siste månadane; Kommunen, Våge skog, Aboristar frå Bergen, og BKK har jobba med store ting.

Med blomar på borda er det pynta til Vaffelsøndag i Vonheim.

Og vi sjølve for Vonheim, har også hatt fleire prosjekt for oss ute. Men NO er vi klar og reknar med at det blir to vaffelsøndagar i sommar og ein til hausten – når blada på dei flotte bøkene byrjar å få farge.

VELKOMNE ALLE, til ei koselege stund i og ved Vonheim.

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal