Vaffeldagen på Jomfru Maria dagen vert markert på SPAR.
25. mars er den nasjonale vaffeldagen og på SPAR vart dagen markert ved at kundane kunne fritt steikja si eiga vafle. Det er så langt vi veit, fyrste gongen SPAR i Uskedalen har denne hendinga med i arbeidsprogrammet sitt. Vaffeldagen, 25. mars er, som vi veit, dagen då Jomfru Maria fekk vita at ho var gravid med Jesusbarnet. Dette vart markert i mellomalderen med kake, både i Sverige og Noreg. Det er usikkert, men truleg har det skjedd ei endring der kake vart bytt ut med veffel. Bilete syne Anna Herman-Fossli som lagar si eiga vaffel i dag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal