Nokre gonger i året tek Sparebank 1-stiftinga sjølv initiativ til å dele ut pengegåver. Denne veka var det Kvinnherad Røde Kors og Uskedalen idrettslag som fekk ein god slump sårt tiltrengde «feriepengar».

– Dette kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt. Både robotklipparen og hagetraktoren havarerte i løpet av nokre veker i vår. Det førte til at vi måtte stenge ned grasbanen på Heio, i ei tid på året der aktiviteten er ekstra stor. Dermed vart alle treningar og kampar lagt til kunstgrasbana. Dei som har spelt litt fotball veit jo at det ikkje er heilt det same som ein velstelt og god grasbane. Og at det gjer godt for beina å få skifta ut det harde kunstunderlaget med gras i sommarhalvåret, seier ein særs blid Steinar Haugland i Uskedal idrettslag.

– Du kan tru eg vart overraska då dei ringte frå Stiftinga og fortalte at vi skulle få ei gåve på 190.000 kroner til ny robotklippar. Det er heilt fantastisk for oss. Med den nye klipparen på plass, kan eg lova at det ikkje skal ta lang tid før grasbanen på Heio på ny vil vere klar for innrykk av spelarar til trening og kamp.

Det høyrer også med at Heio er den einaste privateigde grasbanen i Kvinnherad.

Tekst: Henta frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad si heimeside
Foto; Vidar Alfarnes
Nett: Kristian Bringedal