Utvandring frå Uskedalen til Amerika - etterlysning nr. 5.
I den 5. etterlysinga er det personar frå Døssland og Fet eg søkjer informasjon om. Den førre etterlysinga gav ikkje så mange tilbakemeldingar, men eg meiner at eg må prøva på denne måten for alle som eg manglar opplysningar om. Om ei vekes tid kjem den 6. og siste etterlysinga.Biletet denne gongen er teke på Fort Laramie, Wyoming i 2019. Slike vogner var nok mykje brukt av immigrantane som busettte seg på prærien.
Torgeir Torgeirsson Døssland bruk 1, Døssland nedre, f. 21.04.1832, utvandra i 1852. Foreldre: Torgeir Isaksson og Sesela Jonsdotter Kjerland.Torgeir reiste saman med Johannes Johannesson frå bruk 1, Døssland øvre.
Seselius Olavsson Døssland bruk 2 Rindo, Døssland nedre, f. 1854 , utvandra ukjent årstal. Foreldre: Olav Torgeirsson og Seselie Olsdotter Myklebust. Olav Olavsson Døssland bruk 2 Rindo, Døssland nedre, f. 1856 , utvandra ukjent årstal. Foreldre: Olav Torgeirsson og Seselie Olsdotter Myklebust. Desse to brørne skal ha busett seg på Stillehavskysten.
Fartein Pedersson Døssland Husm.pl. Træet, Døssland nedre, f. 29.04.1851, utvandra ukjent årstal. Foreldre: Peder Olsson Landa og Kristiana Farteinsdotter Øye. Fartein var sjømann og døydde i USA. Om han hadde emigrert dit er uklart.
Anna Larsdotter Fet bruk 1, Fet øvre , f. ukjent år , utvandra i 1866. Foreldre: Eg finn ingen på Fet som kan vera foreldra til Anna.
Siri Jonsdotter Fet bruk 2 , Fet øvre, f. 31.01.1860 , utvandra i 1880. Foreldre: Jon Jensson Fossberg og Helga Jonsdotter. Synneva Jonsdotter Fet bruk 2 , Fet øvre, f. 14.09.1861 , utvandra i 1881.Foreldre: Jon Jensson Fossberg og Helga Jonsdotter.
Johannes Jørgensen Fet bruk 1 , Fet nedre, f. 18.02.1862 , utvandra i 1882. Foreldre: Jørgen Knutsson og Sofie Jonsdotter.
Ole Johan Olsson Fetbruk 2 , Fet nedre, f. 14.04.1866, utvandra i 1892. Han kom truleg heim att, for det var vel han som tok over garden i året 1900. Foreldre: Olav Andersson og Helga Jonsdotter.Jens Andreas Olsson Fet bruk 2 , Fet nedre, f. 16.01.1870, utvandra i 1892. Foreldre: Olav Andersson og Helga Jonsdotter.
Ta direkte kontakt med Torkel Stensletten eller via Uskedal Historielag.
Tekst/ foto: Torkel Stensletten Nett: Kristian Bringedal