Ein fullsett sal, gode førelesarar, emigrantviser, opning av ordføraren med helsing frå venskapskommunen Story City og ikkje minst god mat, kva meir kan ein ynskja seg. Uskedal historielag kan vera godt nøgd med seminaret, det fyrste i sitt slag sidan laget vart skipa for tre år sidan.

F.v: Julie Walker, Torkel Stensletten, Tormod Myklebust, Merethe Offerdal Tveit og Arne Sunde.

Seminaret var ein del av markeringa av Utvandrarjubileet 200 år. I oktober kjem Torkel Stensletten si bok Med von om ei betre framtid. Utvandring frå Uskedalen i perioden 1849 – 1966. Boka vert presentert på bokslepp i Helgheim laurdag 18. oktober.

Ordførar Vegard Bjørnevik opna seminaret og formidla helsing frå Story City.

Seminarprogrammet handla om utvandring frå Noreg, frå nasjonalt til lokalt nivå. Julie Walker frå staten Montana var på mange måtar ein gjesteførelesar. Ho har slekta si frå Rød og Myklebust. Mor hennar og mannen var med på reisa til Uskedalen.

Emigrantviser er ein viktig del av norsk/amerikansk songskatt. Svein Rimestad og Kristian Bringedal hadde vald ut to viser, framført som allsong.

Tormod Myklebust fortalde om utvandring frå bruk 14 på Myklebust der sju av åtte sysken i tillegg til ein svoger reiste. Heime var mor deira, dreiv gardsbruk og prøvde å få endane til å møtast. Det var tøffe og krevjande tider.

Meir frå seminaret kjem i eigne innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal