Utvandrarprosjektet - etterlysning nr. 3.
Den 3. etterlysinga frå Torkel Stensletten gjeld personar frå Dønhaug, Nausthaugen, Kjerland, Haugland og Musland Etter den førre etterlysinga har Torkel fått inn informasjon om 3-4 personar. Biletet denne gongen er eit panoramabilete frå Broadway Street i Eagle Grove, teke av Chris P. Myklebust i 1912. Han hadde fotobutikken sin i nærleiken av denne gata.
Peder Johannes Pedersson Dønhaug bruk 2, f. 06.08.1875, utvandra i 1893. Foreldre: Peder Rasmusson Tveitnes og Sella Morteinsdotter Furuberg.
Olav Jørgensson Thunold bruk 8 Nausthaugen, f. 19.03.1885, utvandra i 1902. Foreldre: Jørgen Olsson Thunold og Marianne Arnesdotter Eik.
Tørris Jonsson Kjerland, Husm. plass Pålatræ. f. 05.09.1858, utvandra i 1888. Foreldre: Jon Larsson Hjelmeland og Mari Olsdotter Skeie.
Inger Knutsdotter Kjerland , Ukj. bruk ,f. 30.07.1879, utvandra i 1911.Foreldre: Brita Larsdotter Eikeland og Knut Jacobsson.
Jacob Brigtsen Bjerkland, bruk 4 Gravene , Haugland, f.1862, utvandra i 1881. Foreldre: Brigt Olsson og Anna Jacobsdotter.
Lars Brigtsen Bjerkland, bruk 4, Gravene , Haugland, f. 1865, utvandra i 1881. Foreldre: Brigt Olsson og Anna Jacobsdotter.
Inger Brigtsdotter Bjerkland, bruk 4 Gravene , Haugland, f. 1873, utvandra i 1881. Foreldre: Brigt Olsson og Anna Jacobsdotter.
Jens Olai Nilson Løvøen, bruk 4 Gravene, Haugland, f. 1860, utvandra i 1883.Foreldre: Han var truleg bror til Nils Nilson som kjøpte Gravene av Brigt Olsson.
Brita Torsdotter Vågen , bruk 3 Musland øvre, f. 17.03.1833 , utvandra i 1857. Foreldre: Tor Nilsson Berge og Ingeborg Hallvardsdotter Musland. Dei skreiv seg for Vågen då dei reiste, men Nilson i Amerika.
Niels Torsson Vågen , bruk 3 Musland øvre, f. 16.01.1841 , utvandra i 1857. Foreldre: Tor Nilsson Berge og Ingeborg Hallvardsdotter Musland.
Dei som har informasjon, kan ta direkte kontakt med Torkel Stensletten eller via Facebook Uskedal historielag.
Tekst/foto: Torkel Stensletten Nett: Kristian Bringedal