
Utsiktsrydding på Skårhaug.
I går vart det gjennomført ei utsiktsrydding på Skårhaug. Mot nord og i grensa til naboane er det tett skog som hindrar utsikt frå toppen 49 meter over havet. Fire menn i arbeid tre timar, med motorsager og ATV, fører til eit godt resultat. Strongane vart kutta i lengder på 1,90 m.

Det neste er kløyving og lagring i sekk. Grovt rekna vert det 50 sekk som vert gjort klar for vedlotteri i åra framover. Inntekta går til drift og utvikling av Uskedal Friluftslag sitt arbeid på Stemneplassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal