Torsdag skulle Folkehelseprisen for Hordaland 2020 ha blitt overrekt til Astrid og Pål Haugland(bildet over) av ein representat frå styret i Nasjonalforeningen for folkehelsen i Hordaland. Arrangementet skulle ha vore på Flåtene ytst i Eikedalen, og på same tilstellinga skulle den flotte gapahuken som dugnadsgruppa har bygd der, blitt offisielt opna. Leiar i Uskedal helselag, Eli Roseth Eik, melder at styret i helselaget som er ansvarleg for arrangementet, har bestemt at det må utsetjast på grunn av verutsiktene torsdag ettermiddag.

Opninga av gapahuken på Flåtene er utsett.

Veret har vore ustabilet dei siste dagane, og det blir meldt om mykje regn torsdag ettermiddag. Derfor var det ei naturleg og trygg avgjerd å utsetta arrangementet. Det ville heller ikkje ha lete seg gjere å transportere instrument, teknisk utstyr og anna inn til Flåtene når vergudane snur vrangsida til.

Eli Roseth Eik seier at det foreløpig ikkje er bestemt ny dato, men ho reknar med at det no ikkje blir før i august månad på grunn av ferietida.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.