Det føreligg plan for utbetring av brannstasjonen i Uskedalen. Planutvalet vart i møte informert om arbeid som må gjerast med bakgrunn i vedtak i Kommunestyret om å vidareføra Uskedalen med mannskap og utstyr som det er i dag. Arbeidstilsynet krev utbetringar med reine og skitne soner. Eit samarbeid med Husnes kan løysa dette problemet.

I informajsonen til Planutvalet vert det sagt at branntroppen framleis skal vera lokalisert i noverande bygg. Ein vurderer å løfta taket. Dermed kan ein nytta heile 2. høgda. Med bakgrunn i kravet om reine og skitne soner, kan ei løysing vera at mannskapet etter eit oppdrag eller ei øving brukar den nye brannstasjonen på Husnes for vask av klede, bilar og utstyr.

På Varaldsøy, Fjelberg og i Åkra er løysinga truleg nybygg. Her er det snakk om tre mindre stasjonar som er definerte som framskotne einingar. Uskedalen held fram som før, men med byggmessige utbetringar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Morten Nygård - Grenda