I april hadde Rosendal Musikklag B og Uskedal Musikklag ei svært triveleg konsertstund i Rosendal Samfunnshus, der mykje publikum verkeleg kosa seg. Komande søndag i kveldinga blir dette fulgt opp. Då møtest nemleg dei to korpsa igjen til eit liknande opplegg. Denne gongen føregår dette i ungdomshuset Helgheim i Uskedalen.

Rosendal Musikklag B korpset


Opplegget blir etter same leist som sist. Dei to korpsa spelar kvar sine avdelingar i tillegg til at dei framfører eit par fellesnummer. Begge presenterer svært publikumsvennleg musikk så her vil dei som møter opp, få høyra både marsjar, valsar og annan populærmusikk som publikum både vil lika, trampa takten til og klappa til.


Innimellom musikkinnslaga blir det servert kaffi, saft og mykje godt å bita i. Sidan både dette og inngangen er gratis, vil det også bli ein omgang med åresalg med mange og kjekke gevinstar. Dei som møter vil få ei kjekk, sosial stund med god stemning og drøs rundt borda krydra med musikk som fell godt i øyra.

Årane kan betalast anten med VIPPS eller med kontantar.


Uskedal Musikklag

Tekst/foto: Thor Inge Døssland
Nett: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland