Siv Fossåskaret frå NRK Vestland besøkte Kvinnherad torsdag, og då besøkte ho Retro brukthandel og cafè på Husnes og Vaage gatneri på Sunde. Under besøket på Retro intervjua ho sommarvikar Solveig Haugland og dagleg leiar ved Kvinnherad Vekst AS, Tor Vidar Sæle. Dei gav ein god presentasjon av Retro brukt og cafè spesielt, og også av Kvinnherad vekstbedrift. Bildet over blei tatt i fjor sommar, og vi ser Solveig(i midten) saman med to andre uskedelingar, søstera Veslemøy og Randi Mackay.

Det er tredje sommaren Solveig er ferievikar på Retro, og ho kunne fortelja til Siv Fossåskaret at ho syntes det var ein super feriejobb. Ho syntes det er veldig kjekt å kombinera kafèdrifta og arbeidet i bruktbutikken. Ho gav uttrykk for at ho syntes det var utruleg kjekt at folk leverer inn så mykje fint der, og at folk ser verdien av å kjøpa brukte ting, Ho kunne også fortelja at ho sjølv hadde nytta seg av tilbodet om å kjøpa brukte ting der då ho skulle byrja å studera. Til hausten tar ho fatt på 4.studieåret i Sogndal etter eit år på idrett og to første åra på grunnskulelærarutdanning ved høgskulen der. No ventar 3 års studium før masteren som grunnskulelærar er i boks.

Solveig er som kjent ei svært aktiv ung dame. I tillegg til å arbeida på Retro har ho denne sommaren vore instruktør og leiar for to friluftslivcampar. Først var ho på Friluftsrådet Vest sin basecamp i Uskedalen for ungdommar i ungdomskulealder, og veka etter var ho leiar for DNT Hordaland sin camp for litt yngre deltakarar i Dimmelsvik.
Tor Vidar Sæle fortalde om både drifta og føremålet med Kvinnherad Vestbedrift AS. Han fortalde om avdelingane både i Uskedalen og på Husnes.

I tillegg til dette besøket var også Siv Fossåskaret hos Vaage gartneri. Der intevjua ho Ragnvald Vaage.
Det kjekke innslaget var god marknadsføring av desse bedriftene spesielt og Kvinnherad generelt. Dei som gjekk glipp av det, kan klikka inn her og høyra det.

Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland.