Endeleg viser Øyvind Sture fram kunsten sin.

Øyvind Sture som bur på Steinsletto, er ei særs dyktig kunstnar. Han er nok mest kjent for bilda sine, men brukar også andre uttrykksformer som m.a. skulptur. Øyvind har solid kunstnarutdanning frå yngre år, og når han no er pensjonist etter travle år i arbeidslivet, har han fått betre tid til å dyrka kunsten sin. Dette har medført at han komande laurdag, pinseaftan kl.13, opnar kunstutstilling i Galleri Banken i Ølve saman med Erling Valtyrson som er ei legende innan grafikkunsten. Dei to kunstnarane har med 20 av kunstverka sine kvar.

Under opninga kl.13 viser Øyvind Sture fram eit anna av sine talent; – musikkskaparen, tekstforfattaren, visesangaren og gitaristen. Då framfører han sjølvlaga musikk med sjølvskrivne tekstar saman med Egil Våge på fele og Stein Haugen på bass. I 2014 debuterte Øyvind Sture med CD’en “Balanse” som fekk mykje god omtale, og der mange meinte at visesangaren Øyvind Sture hadde ein del fellestrekk med ingen ringare enn Ole Paus. Bildet over er henta frå lanseringa av CD’en i Dønhaugkjellaren.

På laurdag kan vi altså få oppleva gjenhøyr med musikaren i tillegg til at vi kan nyta synet av kunstverka han og Erling Valtyrson har laga. I tillegg blir det stelt i stand enkel kafè i samband med opninga. Det ligg til rette for ei flott stund i Ølve pinseaftan, og for dei som vil leggja ein pinsetur dit, passar det godt med ferjerutene.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Ola Matti Mathisen