Grenda-lesarane har også i år kåra “Årets namn”, og ikkje uventa gjekk kommuneoverlege Glenn A. Opland av med sigeren. Han skulle vera kjend for alle for innsatsen sin gjennom korona-tida som no har vart i snart to år. Men han fekk hard konkurranse i kåringa! Kampen om tittelen stod mellom kommuneoverlegen og hans nære medarbeidarar i vaksineteamet, der Janne Gloppen Hjønnevåg gjennom heile perioden har vore sentral saman med Kristin Lamberg. Innsatsen til dei to blir også framheva av “Årets namn”-vinnaren i eit intervju med han i dagens Grenda. Han seier mellom anna: “Særskilt har eg fått mykje hjelp av to dyktige damer på testsenteret i Podlen; Janne (Hjønnevåg) og Kristin (Lamberg). Dei er til å stola på, så eg har brukt dei ein del. Det har vore veldig greitt å ha dei å lena seg på. Ikkje minst er det godt å ha nokon å sparra med, for å sikra at eg har forstått alt rett.

Janne G. Hjønnevåg har også markert seg med sitt positive vesen i bygdalivet her i Uskedalen. I denne samanheng nemner vi berre at det var ho som kom med idèen og var sentral då Uskedal skulemusikk starta opp med den populære adventskalendaren sin for ca. 10 år sidan.

Endå større var det då ho saman med andre flinke damer drog i gang FestidaGen som eit tilbod til barn og unge under Festidalen. Det var eit fantastisk tilbod der deltakarane fekk mulighet til å prøva seg på mange ulike aktivitetar som ikkje er så vanlege her i Kvinnheradsbygdene.

På mange måtar kan vi sei at Janne var “mor” til både den poplære adventskalendaren og den vellukka FestidaGen!

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Grenda/Marius Nissestad.