Sjølv om verken juleafta eller nyårsafta er blant dagane der Uskedaslsida blir flittigast besøkt, så viser statistikken at det juledagane, romjula og fram til og med nyårsafta var 2285 ulike brukarar innom sida i denne perioden. Desse var sjølvsagt ikkje innom sida kvar dag, og medan nyårsafta(462) og julafta(538) scora lavast, var det 29.desember at det var flest ulike lesarar innom med 909. I heile desember var det 5495 ulike brukarar innom sida. Dei aller fleste av desse var tilbakevendande lesarar, men nokre berre var innom få gonger. Dagleg var det vanlegvis mellom 650 og 750 ulike lesarar innom sida i desember.

Medan det på juleafta var nede i nest lågaste 538, var tala for dei følgjande dagane slik.

  • 1.juledag: 636
  • 2. juledag: 668
  • 3. juledag: 582
  • 5. juledag: 909
  • Deretter blei lågaste lesartala i desember registrert nyårsafta: 462.

I perioden frå og med julaftan til og med nyårsafta var det altså registrert 2285 ulike brukarar av sida. Dei aller, aller fleste av desse held sjølvsagt til i Norge, men det er overraskande stor spreiing på lesarane geografisk. Av lesarar i utlandet var det flest i USA, – 65 i jula og romjula. Elles var det tosifra antal lesarar både i Sverige og Spania. I tillegg var det mindre enn 10 både i Danmark(7), Irland(7), Tyskland(4), Nederland(4), Polen(3), China(3), Thailand(2), og dessutan så hadde sida i alle fall lesarar både i Brasil, Angola, Finland, Dei arabiske emiratene, England og Kviterussland.

Ja, vi kan trygt seie at det er stor spreiing på lesarflokken!

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland