Uskedalselva er saman med 32 andre elvar i landet stengde for fiske. Det er gjort etter pålegg frå Miljødiektoratet. Uskedalen er i godt selskap, kan vi sei. Stenginga omfattar mellom anna Sogndalselva, Daleleva, Gaula i Sunnfjord, Rauma og Surna. Stenginga er gjort med bakgrunn i lite registrert laks så langt i år. Målet med stenginga er at bestanden skal ta seg opp ved at nok gytefisk kjem opp i elva. Det verste er langvarig svikt i innsiget av fisk. Det er også innført forbod mot fiske etter laks med stong og handsnøre i sjø. Merka forbodssone i elvosen skal vera fri for fiske.

Uskedalselva er etter pålegg frå Miljødirektoratet stengd på ubestemt tid.

Ikkje alle er merksame på forbodet og ein må rekna med ulovleg fiske i tida framover. Elveeigarlag i bygder der fiske er ei sterk næring, har bedd om møte med direktoratet for å finna fram til avbøtande tiltak. Dette er nok ikkje aktuelt i Uskedalen. Det er likevel svært uhelding for profilering og omdøme i Uskedalen. Over mange år har det kome fiskarar frå inn- og utland til Uskedalen, budd på Rabben Feriesenter og brukt tida til fiske.

Uskedalselva har til tider vore stengd før, men då er årsaka lite vatn. No er årsaka lite innsig av laks og sjøaure. Årsaka igjen er det delte meiningar om. Havbruksnæringa er sett under press og i tida framover vil det truleg vera mykje fokus på miljøfaktorane som påverkar livet i havet og i elvane.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto