Vi har før meldt frå om opning av elva for fiske frå 1. juli. No er situasjonen den at det er lite vatn i elva. Særleg gjeld dette øvre delen frå Haugland og oppover. Opninga vert difor utsett i denne delen av lva. Det kjem framleis lite smeltevatn frå Børsdalselva. Dersom det ikkje vert meir vatn generelt, vert heile elva stengt for fiske. Det er leiar i Uskedalen Elveforvaltning, Trond Lekva Myklebust, som skriv dette til uskedalen.no. Bilete på topp er arkivfoto frå opninga i 2021.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal