Uskedalselva er stengt for fiske frå Haugland og oppover. Årsaka er lite vatn.
Vi har før meldt frå om opning av elva for fiske frå 1. juli. No er situasjonen den at det er lite vatn i elva. Særleg gjeld dette øvre delen frå Haugland og oppover. Opninga vert difor utsett i denne delen av lva. Det kjem framleis lite smeltevatn frå Børsdalselva. Dersom det ikkje vert meir vatn generelt, vert heile elva stengt for fiske. Det er leiar i Uskedalen Elveforvaltning, Trond Lekva Myklebust, som skriv dette til uskedalen.no. Bilete på topp er arkivfoto frå opninga i 2021.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal