I morgon, tysdag, er Uskedal Musikklag og Uskedal Helselag på plass på Rosendalstunet med Syng med oss og mykje god og lokal mat. Helselaget har Rosendalstunet med på sitt program tre gonger i året. Musikklaget er som oftast med på Syng med oss to gonger i året.

Astrid Haugse og Selma Eik frå Helselaget er med på Rosendalstunet.

Musikklaget har eit repetoar henta frå hefte Song – og musikkglede. Det er kjende og kjære songar med eit variert innhald, alt frå Blåveispiken, Rosa på bal, Drømmen om Elin til tekstar med religiøst innhald.

Det vert fortald litt om bakgrunnen for songane, gjerne med nokre morosame stunt. Syng med oss på Rosendalstunet er ope for alle, – brukarar, pårørande, besøksvener og andre som vil vera med på gild song og musikkstund.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto