I morgon, tysdag 9. april kl. 16.30 er det Syng med oss på Rosendalstunet. Rustne Menn står for allsongen og Uskedal helselag syter for mat og servering. Rustne Menn avsluttar med dette vårturneen sin på institusjonane i Kvinnherad. Før har dei vore på Husnestunet og på Halsnøytunet, i tillegg til Kafe Tiaren kvar siste tysdag i månaden.

Uskedal Helselag har Rosendalstunet inne i sitt program tre gonger i året. Med auke i frammøte må ein dekka til 110. Det er eit høgt tal. Fem medlemer frå helselaget er med og gjer denne jobben.

Syng med oss på Rosendalstunet er ope for alle. Det er ein fin arena for å møta dei frå Uskedalen som bur fast på heimen, også dei som brukar dagtilbodet. Rustne Menn spelar i to avdelingar. I pausen er det åresal der inntekta går til drifta av besøksvenene sine aktivitetar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto