Er også å få kjøpt hos Rosendal Bokhandel og Nordli bokhandel på Husnes.

Frå i dag er boka til Uskedal Historielag “Den nære fortida” å få kjøpt på Spar Uskedalen. Boka kostar 300,-kr. Den er også i salg hos bokhandlarane på Husnes og i Rosendal.
Uskedal Historielag har fått ein særdeles god start på salget av den første boka i ein serie om nyare Uskedalshistorie. Tilbakemeldingane til skriftstyret har også vore svært så positive. Dei tyder på at svært mange har glede av å lesa artiklane i boka, og at innhaldet fell i smak hos både unge og eldre. Boka er utvilsamt ein flott julepresang! Skriftstyret håpar at opplaget er stort nok til at alle som ønskjer boka, får tak i den.
Skriftstyret blir inspirert av den gode mottakinga, og dei har allereie lova oppfølgjarar i alle fall dei to komande åra, truleg vidare og.
Over ser vi arkivfoto av dei to glade eigarane av Spar Uskedalen, som saman med staben sin, stiller opp og hjelper til med salget.
(NB!! Dei som har kjøpt bøker på førehand, og enno ikkje har henta, kan ikkje henta dei på Spar, men hos skriftstyret, eller avtale med dei.)

Det er framleis mogeleg for dei som bur utanbygds å få boka tilsendt. Då må dei betala 390,-kr (300 kr + 90 kr i porto/eksp.) til vipps 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026. Det er viktig å skriva fullstendig postadresse.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland