Uskedalen vert i den nye samfunnsplanen definert som eit lokalsenter, saman med Hatlestrand og Sæbøvik. Frå før har Uskedalen vore eit nærsenter, dette fordi bygda ikkje har ungsomsskule. Planen, som seier noko om samfunnsutviklinga i åra framover, var politisk sak nyleg. Senterstruktuen er ein viktig del av planen. Husnes er regionsenter. Rosendal er kommunesenter. Uskedalen, Hatlestestrand og Sæbøvik er lokalsenter. Ølve, Varaldsøy, Sunndal, Ænes, Seimsfoss, Dimmelsvik, Herøysundet, Sunde, Valen, Høylandsbygd, Fjelberg, Sandvoll, Matre og Åkra er nærsenter.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone v/ Arne Leite
Kjelde: Grenda