Etter vedtak i Levekårsutvalet vart det bestemt at Dagsturhytta skal plasserast ved Nautavatnet. Etter framlegg frå Uskedal Idrettslag var Uskedalen med i vurderinga like til siste behandling. I desember vart det gjennomført synfaringar i fleire aktuelle bygder, mellom anna på Hatlestrand, Husnes og i Uskedalen. Etter ei total vurdering med bakgrunn i krav til plassering og bruk, vart plassen Nautavatnet.

Nokre føresetnader for plassering var avtale med grunneigar og at det er ein organiasjon som tek ansvaret med tilsyn og vedlikehald. Konstruksjonen har sitt utgangspunkt i ein takstol. Det er eit stabilt bygg som er godt eigna for helikoptertransport. Hytta kjem i fire prefabrikerte element. Å skru saman modulane tek om lag fem dagar. Målet er at Dagsturhytta skal vera ein sosial møteplass i naturen.

Steinar Haugland i Turgruppa i Uskedal idrettslag fortel at særleg tre lokalitetar var aktuelle i Uskedalen for ei plassering. Det var:

  • Låganoso
  • Klepp
  • Middagshaug

Med på synfaringa var Steinar Haugland og Atle Thoresen frå Turgruppa, Pål Haugland og Lars Myklebust frå Dugnadsgruppa og Kristian Helgesen frå Kvinnherad kommune. Med andre ord: Organisasjonen var Turgruppa i Idrettslaget. Tilsyn og vedlikehald: Dugnadsgruppa. Alt det formelle var såleis på plass.

Klepp var ein av tre plassar som var vurdert for plassering av Dagsturhytta.

Det som stoppa prosjektet for Uskedalen sin del, var at det var for mange høgdemeter frå parkering og fram til turmålet. Tilkomst og parkering er moment som alltid veg tungt. Flåtene i Eikedalen kunne vore ein aktuell plass, men her er utsikten for dårleg. Det er heller ikkje fiskevatn i nærleiken. Leiteshaugane i Åsaredalen vart vurdert.

Ein føresetnad om ein skulle gått vidare med Uskedalen, var sjølvsagt avtale med grunneigarane både om sjølve tomten, men også om parkeringsareal.

Kvar hytte har ein kostnad rundt 1 mill. kr. Netto kostnad for kvar kommune er om lag kr. 100 000,-. Resten vert finansiert med støtte av spelemidlar og frå andre aktørar.

Låganoso var med i vurderinga.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: BT, Hus og Hjem, fredag 8. januar 2021
Foto: Pressefoto/ Kristian Bringedal