I slutten av komande veke er det klart for lansering av den nye nettsida til Uskedal Utvikling, uskedalen.no. Arbeide med å sikre eksisterande innhald og bygge opp ny side tok til hausten 2020. For at nettsida skal kunna synast bra både på pc, nettbrett og mobil har det vert naudsynt med nokre endringar.

Bakgrunn

Hausten 2020 starta arbeide med oppdatering av nettsida uskedalen.no. Det vart konkludert med at svært mange av dei om lag 20 000 artiklane som er publisert på uskedalen.no sidan oppstarten i 2006, var viktig å ta vare på. Etter ei avklaring med webleverandør, vart det klart at det ikkje var mogeleg å få eksisterande artiklar inn på ny side. Det vart gitt tilbod om å etablera ei ikkje redigerbar nettside, med kopi av den gamle sida, med dertil etableringskostnad på om lag 15 000,- årleg driftskostnad.
Ei løysing med ikkje redigerbar side vart valt vekk. Det vart igangsett dugnad i heimen og ved nyttårstider var alle publiserte nyhende saker frå 2006 og fram til førre årsskifte lagra som redigerbare pdf filer. Det er også tatt pdf kopi av alle faste sider på nettsida.

Den nye sida

Ved årskifte hadde Lokalkrafta tilbod på oppsett av nettside med utgangspunkt i Serit/Idrift si Lettnett webløysing, eit tilbod som vart valt å takka ja til. Magnhild Haugland frå Lokalkrafta har etter innspel sett opp sida slik den blir publisert i slutten av komande veke.

Framside uskedalen.no mobil

Endringar

Grunna nettsida skal bli vist bra både på pc, nettbrett og telefon er det ikkje mogeleg med fleire spalter. Dette medfører at spalta Notis og Lesarbilete ikkje blir ein del av den nye sida. Lesarbilete vil i første omgang gå ut i den form det har i dag. Notis vil bli ein del av nyhende bloggen.
Ein del faste sider som historisk stoff og tradisjonsstoff er valt å ikkje ta direkte over på ny side. Dette vil bli samordna og bearbeida før det eventuelt blir lagt ut på ny side.
Den nye nettsida er bygd opp med bakgrunn i kategoriar og alle nyhende blogginnlegg blir kategoriserte etter kva artikkelen gjeld. Til dømes er ungdomslaget eigen kategori og ved å gå inn på denne, vil også andre artiklar knytt til ungdomslaget bli vist.
Aktivitetar i Uskedalen
På den nye sida er det etablert aktivitetskalender, her kan lag/arrangørar få lagt/legge inn ulike aktivitetar som til dømes treningar, møter osv.

Nyhende og nyhende arkiv

Alle publiserte nyhende på gamal side frå nyttår til no, blir flytta over på ny side. Nyhende arkivet 2006 – 2020, vil ikkje bli klart til lanseringa. Dei fyrste årgangane vil være tilgjengeleg i løpet av kort tid, mens resten blir publisert når det er bearbeida og gjort klart for nettsida, dette arbeidet er forventa ferdig i løpet av hausten.

Etter eit ukjent tal dugnadstimar, vonar vi den nye sida fell i smak. Det vil alltid være litt uvant å finn fram på ei ny nettside, men vonar overgangen ikkje byr på større utfordringar.

Tekst/Nett: Hans Ordin Østebø