Uskedalen.no har vore ute av drift det siste døgeret. Årsaka er oppdatering og overgang til ny server. Overføringa er fullført og alt skal vera som normalt. Overgangen til ny server i eit anna datasenter, gjer at sida er meir robust. Les kva konsulent Gaute Lund i iteam skriv om overføringa:

Uskedalen.no er flytta til ein ny server som er raskare og tryggare enn den gamle. Vi samlar visse funksjonar i iteam, og websider og ein del andre tenester blir flytta til vårt datasenter hos Bluefjords i Sogn. Eit miljøvenleg datasenter der  maskinene vert kjølte av smeltevatn frå Jostedalsbreen. Dette er tryggare, raskare og meir robust og driftssikkert enn iDrift sine gamle servere.

Tekst/nett: Kristian Bringedal