Uskedalen.no fekk vera med i Badstova, 80 grader, eteriske olje og nedkjøling i sjøen.
I kveld fekk uskedalen.no vera med i badstove i regi av Morten Eidsvik i Bergen Sauna. Det er eit prøveprosjekt. Håpet er at uskedelingar og andre skal få augene opp for kor godt det kan vera ved bruk av sauna for auka blodsirkulasjon, reinsing av huda, avspenning av musklar og ikkje minst avslappng og reduksjon av stress.
Redaktøren kom til ei oppvarma badstove kl. 17, sentralt plassert på Sandakaien med utsikt mot Stølavikjo. Badstova er vedfyrt og i kveld fekk vi oppleva bruk av eteriske oljer som vert lagt i vatn og aust over ovnen. Dette skaper ein roleg og oppfriskande aroma i badstova. I kveld vart det brukt olje av typen jasmin, lavendel og eukalyptus.
Varmen var 80 grader. Ute synte gradestokken 10 grader. I fjorden er det lågare temperatur. Flytebrygge og badestige i front av badestova gjer at det er enkelt å gå til og frå med bading i sjøen og innatt i den vedfyrte badstova, sjølvsagt for dei som ynskjer det. Andre vil heller bruka ein dusj ute til nedkjøling.
Badstova på Sandakaien er ei nyskaping og eit tiltak på prøve. Sauakulturen er populær i Bergen og mange andre byar i landet. Kan Uskedalen med si sentrale plassering i Kvinnherad vera ein eigna plass for ei badstove ?
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal