71 grader nord – team er i Kvinnherad for innspeling av nytt konsept med kjendisar som deltakarar. Det er to grupper med fire personar på kvar gruppe. Kvar gruppe kjempar seg gjennom tøffe og krevjande oppgåver i norsk natur. Fjellveggen i Ulvenosa er ein av lokasjonane. Tom Stiansen er programleiar.

Produksjonsbilane var merka med 71 grader nord logo.

71 grader nord teamet vart observert på søre Musland og Fjellandsbø i går, sundag 19. september. Det var aktivitet i Geitadalen, dalen som endrar opp i botnane mellom Geitadalstind og Høgeteen. Utan kikkert var det berre prikkar å sjå, personar i rørsle på berga. I dalbotnen var deler av temaet i arbeid med andre innspelingsoppgåver. Det var til tider stor trafikk opp og ned dalen med bilar merka med Toyota Oslo, nokre med syklar på taket.

Det er ikkje kjend kva tid programmet frå Uskedalen vert vist på TV Norge. Grenda har i dag intervjua Tom Stiansen om innspelinga i Kvinnherad. Han er godt nøgd med å vera tilbake i Kvinnherad og Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal