Uskedalen er neste på lista for å få minnelund.
Uskedal kyrkje er nummer fem på lista for å få minnelund. Arbeidet er starta og er venta å vera avslutta innan kort tid. Gravplassarbeidar og kyrkjetenar Alf Jarle Langeland frå Kyrkjekontoret gjer jobben. MInneplata er skifer frå Sollesnes i Hardanger. Før sjølve steinen vert montert må det lagast fundament. Det er mange fordeler med minnelund, både med omsyn til arealbruk og kostnad. Til no er det tilrettelagt for minnelund i desse soknene: Kvinnherad, Husnes, Eid og Holmedal.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ foto henta frå saksutgreiinga