
Uskedalen er inne med seks faste medlemer i det nye kommunestyret.
Kommunevalet 2023 er eit av dei beste nokon gong for Uskedalen. Med seks faste representantar må vi langt tilbake i tid for å finna noko betre. Dei to kumulerte, Wermund Vetrhus og Jostein Saghaug er sikra fast plass. I tillegg finn vi Tove Lill Lakselv ( FrP ), Bjørn Olav Tveit ( AP ), Oddbjørn Kroka ( H ) og Thomas Eide ( INP ). Det er stor framgang frå ein fast representant i den siste perioden til seks folkevalde i fire år fram til 2027. Med godt samarbeid i gruppa, vil ein truleg ta tak i gode tiltak i å utvikla Uskedalen som ei attraktiv bygd i det geografiske sentrum i kommunen. Bilete på topp syner Bjørn Olav Tveit frå AP.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal