Med bakgrunn i sak om Kvinnheradpakken 2 i kommunestyret ser det ut til at Uskedalen må venta lenge på gang- og sykkelveg Uskedal bru – Steinsletto. Ingen tala Uskedalen si sak, heller ikkje våre eigne folkevalde. Her har vi ein jobb å gjera for å sikra dette prosjektet ved neste rullering og prioritering. Prosjekt, som er komne til i seinar tid, går føre oss på lista. Det gjeld til dømes gang- og sykkelveg på Lundsbakkane i Dimmelsvik og vegen på Kaldestad.

Vegen ved Porsen og på Steinsletto er eit av mange kritiske punkt.

Mange faktorar må på plass før ein kan starta arbeidet med ein gang- og sykkelveg.

  • Reguleringsplan med alle høyrngar og godkjenningar
  • Grunnavståing/ innløysing av aeale
  • Kommunalt vedtak
  • Godkjend budsjett – Finansiering t.d. som ein del av Kvinnheradpakken 2
  • Anbodsinnhenting

Ikkje noko av dette er på plass. Når vi veit kor lang tid dette tok i Herøysundet, må vi rekna minst 10 år fram i tid før det føreligg eit vedtak.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto