Denne veka arrangerer DNT Fjellsport Bergen klatrekurset slik som dei pleier å gjera her i Uskedalen i begynnelsen av sommarferien kvart år. Fram til onsdag kveld var basen og klatringa i Eikedalen. Då forflytta dei basen til Rabben Feriesenter, og frå torsdag og ut veka føregår klatringa i veggen i Ulvanåso. Veret har jo vore glimrande for slik aktivitet denne veka, og det var ein svært fornøgd gjeng vi møtte på den fine uteplassen på Rabben Feriesenter torsdag kveld. Då hadde dei nettopp sett til livs eit godt grillmåltid etter ein lang dag med klatring.

Deltakarar og instruktørar på klatrekurset som er i Uskedalen denne veka.

Til saman er det 9 deltakarar og 3 instruktørar på kurset. Deltakarane kjem frå store deler av det sørlege Norge. Frå Svene nord for Oslo, Rakkestad i Østfold, frå Bømlo og eit søskenpar frå Klepp på Jæren i tillegg til Bergen. For dei fleste var møtet med Uskedalen nytt, men bømlingen hadde vore ein del i Kvinnherad og hadde nytta seg av dei gode turmulighetene i den vakre naturen. Dei kunne fortelja om mange begeistra utbrot då dei kjørte opp dalen for første gang onsdag, og kom tett på naturens skaparverk. Alle deltakarane er nybyrjarar når det gjeld denne form for klatring, men dei fleste har erfaring frå klatring innandørs. Som grunnar for at dei melde seg på kurset, oppgav dei mellom anna at det er kjekt å læra noko nytt og den heilt unike naturopplevinga dei får gjennom denne aktiviteten.

Uteplassen på Rabben er ein fin samlingsplass både til måltid og anna samvær.

To av instruktørane er godt kjende i Uskedalen og Ulvanåso frå før. Bergensarane Endre Sommersten og Renè Jenensch, sistnemnde opprinneleg frå Tyskland, kjende godt til forholda frå tidlegare kurs og andre klatreturar hit. Både DNT Fjellsport Bergen og Bergen klatreklubb er flittige brukarar av Ulvanåso.
Dei kunne fortelja at dette kurset set DNT Fjellsport Bergen opp kvart år. Det er ein tradisjon. At klatreforholda er unike, har vi for lengst forstått, men dei seier også at forholda elles er veldig godt tilrettelagt. Rabben Feriesenter er ein super plass å ha base. Her er det svært hyggeleg vertskap som er kjekt å samarbeida med, og det er godt tilrettelagt for sosialt fellesskap.
-Det er ein roleg og fin campingplass der vi kan oppleve måkeskrik og lydar av naturen slik vi likar, seier dei to og legg til at alle bur i telt.
-Spar-butikken er veldig bra, og er jo veldig nærme, og så set vi veldig pris på Poon Tips. Den besøker vi alltid når vi er her.
Dei er også svært takksame overfor bøndene opp gjennom dalen som gir dei plass til parkering og tilgang til klatreruter.
Avslutningsvis i samtalen nemner Renè at det kjem ny klatreførar innan få veker. Den har mange nye ruter, og den blir å få tak i på Rabben Feriesenter.

Dei tre leiarane Endre(f.v.), Sara og Renè.

Den tredje instruktøren er Sara Mikolaskova. Ho bur på Stranda, men kjem opprinneleg frå Tsjekkia. Ho er i Uskedalen for første gang. Ho gjev tydeleg uttrykk for at ho er meir enn begistra for naturen her, og det som møtte ho då dei kjørte oppover dalen. Eg får inntrykk av at det kan bli mange turar frå Stranda til Uskedalen heretter.

Fredag og lørdag er dei to siste kursdagane i denne omgang. Søndag er det pakking og heimreise. Dei fleste kjem nok tilbake til dette klatreeldoradoet.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.