Med støtte frå kommunen reiser to lag frå Kvinnherad til Oslo for å vera med i finalen SIA saman med åtte andre lag frå heile Skandinavia. Laget frå Uskedalen har namnet Uskedalen City. I tillegg er det uskedalselevar med på laget frå Rosendal ungdomsskule, SkiBuddies. Målet er å løfta fram innovative løysingar innan teknologi og realfag med bakgrunn i eit formulert problem elevane skal finna løysing på.

Kvinnheraf formannsskap løyver kr. 30 000,- for å dekka kostnader med reise. Opphaldet er 11. og 12. februar. Uskealen.no har før skrive om dette prosjektet, då som ein del av First Lego League.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto