Uskedal Vassverk ynskjer ny inntaksløysing 130 meter lenger oppe i Eikeelva. Inntaket ligg i dag på kote 120. Nytt inntak vert på kote 127 og vil ha betre funksjon i høve til massetransport ved flaum. Ny løysing vil føra til eit vedlikehald som er langt mindre krevjande enn slik det er i dag. Uskedal Vassverk er eit privat vassverk, organisert som samvirkeføretak. Vssverket forsyner 500 abonnentar med vatn, til vanleg hushald, landbruk, turistverksemder og anna næring.

Vassverket har i dag inntak med infiltrasjonsrøyr gravne ned i lausmassar i elvebotnen. Løysinga er sårbar ved liten vassføring og frost. I periodar har vassverket brukt store ressursar på mellombels løysingar for å sikra nok vatn.

Nytt inntak på kote 127 vil vera ein betingterskel, fundamentert på fjell med total høgde på 1,9 meter. Då er fundamentet rekna med. Det vert montert installasjonar som sikrar vatn uansett frost, utspyling eller tiltetting av vegetasjon.

Dette er plassen i elva for det nye inntaket.

Nytt inntak 130 metter lenger oppe i elva fører til at det vert bygd veg ( 65 meter ) frå eksisterande veg og fram til inntaket. Det skal leggjast vassledning, om lag 125 meter frå inntakskum fram til samankopling med eksterande ledning ved dagens inntak. Vegen skal seinare brukast ved vedlikehald og naudsynt tilkomst med maskinar.
Det er to grunneigarar som er direkte berørte av tiltaket, gnr. 131/1 og 133/3.

Skildring av allmenne interesserer og evt. offentlege planar syner at tiltaket vil ikkje vera til ulempe for nokon, slik som til dømes naturmangfald, landskap, andre brukarinteresserer, kulturminne og skred.

Knut Hellesnes frå COWI AS har vore konsulent.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå konsulentrapporten