Uskedal Vassverk legg no endeleg ut si nye heimeside. Her finn du nyttig informasjon om vassverket, kven du skal kontakta, di eiga medlemside der du kan redigera di eiga e-postadresse, mobiltelefon osv. Her finn du og kopi av faktura for vassavgifta. Eigarskifte av eigedomen skal meldast på kontakt oss. Likeins skal dei, som søkjer medlemsskap/tilknyting, nytta kontakt oss. Eit eige felt for driftsmelding finn de i venstre margen. Her kan de lesa alle driftsmeldingar fortløpande.

Det er viktig no er at alle går inn på mi side slik at vi får registret alle våre medlemer med e-post adresse og eventuelt mobiltelefon for dei som ynskjer SMS varsling. Følg instruksen på sida for første gong innlogging og fyll ut alle felta på mi side. Har du fleire abonnement, så er det ei mi side for kvart abonnement som du må logga deg inn på.

Faktura for vassavgifta vert i framtida sendt som PDF fil til den oppgitte e-post adressa, men kan også hentast frå mine faktura på mi side. Når det gjeld bedrifter, lag og organsisasjonar, så må dei kontakta oss så skal vi få lagt dei inn manuelt på mi side.

Når det gjeld EHF faktura til bedrifter, så kjem vi tilbake til det seinare. Vi arbeider med saka.

Takk til Frode Stensletten som har bistått oss teknisk gjennom heile prosessen med å få heimesida på plass. Vi håpar at sida kjem våre medlemer til nytte og vi tek meir enn gjerne i mot ris og ros på kontakt oss.

Adressa er: https://www.minorg.no/uskedal-vassverk

For meir informasjon: Kontakt styreleiar Hans Reidar Kjærland – mobil 997 01 819.

Tekst: Henta og redigert frå Uskedal Vassverk – ny heimeside

Foto/nett: Kristian Bringedal