Uskedal Utvikling minner om ope møte i morgon, onsdag 15. september, kl. 20.00.
I morgon, onsdag 15. september, kl. 20.00 vert det ope møte i Gamleskulen. Tema er Gang- og sykkelveg Uskedal Bru – Steinsletto/Børneset. Styreleiar i Uskedal Utvikling, Remi Onarheim, vonar på godt frammøte. Han har hatt kontakt med kommunen og henta inn informasjon om planstatus og prosessen for å koma fram til eit vedtak om oppstart. Det vert på møte prøvd å få til ei prosjektgruppe med medlemer frå dei som bur på denne strekninga og brukar vegen dagleg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal