Uskedal utvikling inviterer lag og organisasjonar til møte i Gamleskulen, måndag 29. pril kl. 19.00. Styret vil presentera kva laget jobbar med. Ein vil også laga eit årshjul der ein får fram alle aktivitetane gjennom året. I innkallinga vert alle oppmoda om å møta fram, gjerne fleire medlemer frå kvart lag. Andre frivillige og interesserte er sjølvsagt også velkomne.

Tekst: Uskedal utvikling - styret
Foto/nett: Kritian Bringedal